lørdag 25. juni 2016

Hadeland - sommerens vakreste utstilling? :)

OMSIDER var dagen her, og me skulle avgårde på Norges FØRSTE spesialutstilling for mittelspitz. Etter at rasen har blitt med i Norsk Miniatyrhund Klubb, så var det ekstra stas å kunne delta på denne utstillinga, og vise fram dei flotte hundane våre.

Med på turen denne gangen var mine to, trufaste hjelparar; Sunniva og Vilde. Sunniva hadde med seg Daisy (Quote This av Ostretunet), og eg hadde børsta støvet av Pernille-moren på 10+, noko ho synes var berre rett og rimelig (litt sånn show-dronning den tøtta...!). I tillegg var Hege og gutta boys med (Echo og Pepper), og Christine med frøken Alona. Alt i alt 5 stk i bilen + 5 stk mittelspitzer.

Pernille er klar!
To bestevenninner, Pernille og Daisy



 Fredagen kom, og me gjorde klart til avreise. Eg var stort sett forberedt på alle krise-scenarioer som kunne oppstå på turen (noko må ALLTID gå galt, Murphys lov!)



- men eg hadde ikkje kalkulert at Kasper´n satt med 99% avreven tå på framlabben, sånn ca. rett før avreise....!


Då var det berre å finne fram eit til bur, stappe katten inni (han var ikkje like velvillig som Pernille, kan man trygt sei....!), og innom i Knarvik til dyrlegen der. Amputasjon stod for tur, og etter litt desperate telefonsamtaler hit og dit, så vart Bjørn og Mona mine reddande englar, og fekk sørga for å transportere pasienten heimatt til Ostretunet - riktig nok med ei tå mindre, men sånn fekk det berre bli.

Ein tålmodig Kasper venter på undersøkelse.

Når Kasper´n var i trygge hender kunne me (meg, Vilde og Sunniva) kuske videre mot Åsane, der resten av gjengen skulle tre ombord. Og me rakk akkurat ein liten shoppingrunde før avreise, der jentene fekk seg matchende buksedresser, og me investerte også i 3 stk matchende kjoler. ;) (Christine og Hege vart sjølvsagt djupt fornærma over at me ikkje hadde kjøpt til dei også...)

Alle klare for avreise frå Nordanger!

Til slutt var alle på plass i bilen, og me satte kursen østover. Middagen vart inntatt på den obligatoriske stoppen på kina-restauranten på Ulsåk, før eg forsøkte å få alle til å hoppe i taket (bokstavelig talt) over nokon nye fartsdumpar utanfor Hemsedal.... *kremt* Godt det er gode fjæringar i bilen!

Me nærma oss Hadeland utpå kvelden, og eg vart meire og meire nervøs.... Kvifor? Jau, ei aldeles bedårende, lita frøken skulle nemlig få haik frå Finland og til oss, og eg hadde ikkje hørt noko om flyet hadde landa og om dei hadde kome fram.... Men omsider kom meldinga - alle var landa trygt, og me møttes på Hadeland. Og der fekk eg endelig sjå Blondi i levande live - og ho var endå meire bedårende enn på bildene! Oldebarn til Pernille, og det var ikkje tvil om kven ho slekta på. ;)

Nydelige Blondi

Ein lykkelig selfi, endelig var ho her!!!

Så då var alt på plass, og me kunne finne hytta vår. Utvika camping var plassen, ca 30. minutter frå Hadeland Glassverk, og ein veldig fin plass - om ein ser bort frå dei ekstremt blodtørstige og plagsomme myggj*vlane som også campa der. :( Dei låg i allefall sin elsk på meg, medan mine to romvenninner ikkje fekk eit einaste myggstikk. Urk!

Trøtt, liten frøken.....

Ingenting er så deilig som ein mjuk valpemage....

Lørdag var det strålande sol, og gjengen kombinerte utstilling, loddsalg og fotografering til inntekt for NMHK Mittelspitz. Heldigvis at Sunniva og Vilde var med, for dei var som poteten, og kunne brukast til alt frå loddsalg til å stæsje hunder. ;)
Daisy ble beste junior på søndagen, hurra for jentene! :)

Og man kan vel ikkje akkurat klage på resultatet - Pernille ble BIM og BIR Veteran, og ho STRÅLTE i ringen av lykke - ho har nok ein sånn fetisj med at folk ser på ho, tenker eg.... Og Hege ble BIR med Echo-gutten, og Christine fikk certet og ny norsk champion-tittel til Alona. Kan man klage da? Nope! :D May-Trude og Mary gjorde det også superbra med sine, og til slutt endte Ostretunet opp som 4. BIS oppdretter, med Pia, Lycke, Teddy og Mikkel til å forsvare "æren" vår. Så eg var mildt sagt stolt, og det vart feira behørig med diverse boblende i glasset på mygg-campingplassen vår. ;)
Bare bobler i glasset til tante, Sunniva og Vilde måtte nøye seg med Cola ;)

Blondi beskuer plassen, masse man skal følge med på!

Sunniva og Pernille i Barn og Hund :)

Søndagen var me litt bekymra for, og med rette. Søndags morgen våkna me av eit BRAK, og alle himlens sluser åpna seg... Det tordna og lynte, og såg generelt lite fristande ut med utstilling utandørs.... Heldigvis letta det meir utover formiddagen, og me fekk ein tilnærma tørr runde i ringen. Og for å være sikker på at ingen følte seg urettferdig behandla, så bytta ein heilt om på resultatlista, med Mikkel som BIR, Pia som BIM, Holio BIR veteran og Pernille BIM veteran. *hehe* Men vi klarte å holde det innad i "gjengen" vår, så då var alle glade og fornøyde.
Mikkel BIR og Pia BIM for dommer Mona Selbach :)

Til slutt fekk me gjennomført tidenes mest effektive nedpakking av telt, bur og campingstoler, før me satte kursen vestover igjen. Denne gangen med 6 stk mittelspitzer i bilen. :) Nytt pitstop på kinaen i Ulsåk (of course!), før vi kom til Åsane igjen på kvelden. Der venta to stk spente "småbarnsforeldre", nemlig Signe og Frank, som eg er så heldig å skal ha Blondi sammen med.

To stk spente og glade "småbarnsforeldre" :)

Det vart litt tårer og snufsing baki bilen på jentene "mine" når Blondi reiste videre til sitt nye hjem, for både Sunniva og Vilde var veldig forelska i den vesle rampejenta.... Trøsten er at me får sjå ho masse framover, og det gleder eg meg veldig til!

Alt i alt gjekk turen over all forventing, og Kasper´n ser ut til å ha innfunnet seg med sin amputerte tå. Så gjenstår det bare for meg å betale rekninga på 4000 kr (akk-o-ve....!) med eit smil (eit litt anstrengt sådan!).

Tusen takk til alle sammen for ei kjempekjekk helg - eg trur eg kan sei at me kjem GJERNE tilbake til Hadeland neste år! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar